To main content

Riksforsamlinga på Eidsvoll

10. april 1814 kom Riksforsamlinga saman på Eidsvoll verk. Dei var 112 valde representantar, samankalla av regenten, Christian Frederik. Oppdraget var å forme ut ei ny forfatning.

Noreg var ikkje lenger underlagt Danmark, men eit sjølvstendig rike og trong si eiga grunnlov.

Sjølvstende eller union

Det viste seg snart å vere to fløyer blant dei frammøtte: ei sjølvstendeline og ei unionsline.

Unionspartiet meinte det ikkje ville vere mogleg for Noreg å halde på sjølvstendet sitt så lenge stormaktene ikkje støtta det. Dei meinte derfor det var betre å gå i forhandlingar om så gode vilkår som mogleg i ein union med Sverige. Grev Wedel Jarlsberg var den fremste talsmannen deira.

Sjølvstendepartiet støtta Christian Frederiks syn og meinte Noreg måtte stå på eigne bein som sjølvstendig nasjon. Det var sjølvstendelina, med Christian Falsen og professor Georg Sverdrup som leiarar, som hadde fleirtalet i forsamlinga.

Grunnlova blir til

Ein eigen konstitusjonskomité vart oppretta 12. april. Den blir leidd av Christian Falsen og skal utarbeide eit utkast til sjølve grunnlova. Fire dagar seinare legg komiteen fram forslaget sitt til grunnleggjande prinsipp, og dei aller fleste blir vedtekne med brei semje i forsamlinga:

Noreg skal vere eit fritt, uavhengig og udeleleg rike. Den utøvande makta skal liggje hos Kongen. Ei folkevald nasjonalforsamling skal ha den lovgjevande og løyvande makta, mens uavhengige domstolar skal ha den dømmande. Det skal vere religionsfridom og trykkjefridom.

Konstitusjonskomiteen held fram arbeidet etter dei vedtekne retningslinene, og 2. mai presenterer dei det ferdige forslaget sitt.

I dagane som følgjer, blir den endelege grunnlova vedteken. Det er brei semje om det meste  berre i spørsmålet om stillinga til kongen kjem motsetningane mellom dei to partia til syne. Unionspartiet prøver å forhindre ei mogleg gjenoppretting av Danmark-Noreg gjennom ein paragraf som skal forby Kongen å ta imot ei framand krone. Christian Frederik har arverett til den danske krona, noko som kunne føre Noreg inn i eit nytt dobbeltmonarki på sikt. Men forslaget blir avvist.

17. mai 1814 vart arbeidet sluttført. Grunnlova vart vedteken, og medlemmene av Riksforsamlinga valde landets første eigne Konge på nesten 500 år. Valet fell samrøystes på Christian Frederik.

Etter dette har 17. mai vore Noregs nasjonaldag.

Mot ny union

Sveriges kronprins, Carl Johan, aksepterer ikkje Noregs sjølvstende. Etter Kieltraktaten har Danmark gjeve frå seg Noreg til Sverige. 29. juli 1814 marsjerer svenske troppar inn i Noreg, og dei nedkjempar raskt den norske motstanden. 14. august blir Konvensjonen i Moss underteikna, der Christian Frederik må akseptere å gå av som konge i Noreg.

Den svenske kongen lovar å godta Eidsvoll-grunnlova, berre med dei endringane som er nødvendige for ein union med Sverige. 4. november blir Carl II (Carl XIII i Sverige) Noregs konge etter at Stortinget hadde vedteke den reviderte grunnlova.

Unionsvilkåra blir samla i den såkalla Riksakta. Ho blir vedteken av den svenske Riksdagen og det norske Stortinget i 1815

Ein annan situasjon

Frå 4. november 1814 var altså Noreg den underlegne parten i ein ny union. Situasjonen var likevel ein heilt annan enn han hadde vore ved byrjinga av året. Frå å vere ein del av Danmark og eit einevelde har Noreg på nytt vorte ein sjølvstendig nasjon med eiga grunnlov. Og Grunnlova er svært radikal for si tid.

Makta er delt (i motsetning til under ein eineveldig konge) mellom kongen, domstolane og ei folkevald forsamling, Kongen har den utøvande makta, mens den folkevalde forsamlinga er lovgjevande og løyvande. Nesten halvdelen av alle norske menn har fått røysterett.

Den svenske kongen aksepterte denne grunnlova.

14.01.2014

To share this on Twitter or Facebook:

Share on Twitter Share on Facebook