Oppfordret til læreglede // -Finn styrken til den enkelte
Onsdag opna H.K.H. Kronprins Haakon læringsfestivalen «Inspiring Learning Life» i Hole.
Over 200 deltakarar frå inn- og utland er samla på Sundvolden Hotel denne veka til ei samling der målsetjinga er å utforske og utvikle nye måtar å lære saman på. Ein av arrangørane bak festivalen er Arbeidsinstituttet i Buskerud, eitt av fleire prosjekt som Kronprinsparets Fond samarbeider med. Arbeidsinstituttet jobbar med ungdom som har falle ut eller er i ferd med å falle ut av vidaregåande opplæring, og er eigd av Buskerud fylkeskommune.
-Alle har en plass
I talen sin takka Kronprinsen dei frammøtte for jobben dei gjer for å få ut det beste i andre. Han framheva òg kor viktig utdanning og læreglede er for alle, uansett føresetnader.
Kronprinsen snakka spesielt korleis det er å vere ung i Noreg i dag, og om presset som unge møter frå ulike hald. Statistikk frå NOVA viser blant anna at 25 prosent av norske jenter i 15–16-årsalderen har symptom på depresjon.
- Jeg mener dette er bekymringsverdig og noe av grunnen til at det er så viktig å jobbe sammen for å finne styrkene til den enkelte. (…) Alle har en plass i samfunnet, og alle har noe å bidra med, sa han i opningstalen.
Ein av dei som har reflektert over valet av læraryrket, er forfattar og lektor Inge Eidsvåg. Kronprinsen meinte at Eidsvågs tankar danna eit godt bakteppe for festivalen.
- Han sa: "Svaret er gleden (…) Gleden av å forklare, dele, lytte og være sammen. Gleden av å forberede, å prøve nye metoder. Gleden av å skape noe nytt ved å blåse liv i gammelt materiale. Gleden av å vekke til live noe i elevene som én gang ble vekket i meg. Gleden av øyeblikkene der jeg og studentene har en felles forståelse – når jeg har lært dem noe de ikke visste at de ville få bruk for", refererte Kronprinsen.
Representantar for ulike læringsmiljø frå heile verda er til stades under festivalen. Alle er oppmoda til å dele sine erfaringar.
Current news
State visit from Tanzania
Her Excellency the President of the United Republic of Tanzania, Samia Suluhu Hassan, began a state visit to Norway today. Their Majesties King Harald and Queen Sonja are the hosts of the visit, and welcomed the President to Norway in a formal ceremony at the Royal Palace.
Opens Bodø as European Capital of Culture
You invite us all to create rich and beautiful communities - at a time when coming together is more important than ever," said the Queen as she opened Bodø as the European Capital of Culture in 2024.